+47 90 11 82 70 hallvard@digitanse.no

Digital opplæring som verkar – for folk som vil meistre verktøya sine

Digitanse er Hallvard Hatlestad sitt selskap for digital opplæring, kurs og rådgjeving. Eg hjelper bedrifter, organisasjonar og offentleg sektor å bruke digitale verktøy smartare – og med meir sjølvtillit.

Kva kan eg hjelpe deg med?

Kurs og opplæring

Praktiske kurs i Microsoft 365, AI-verktøy, Adobe, Apple og Google – tilpassa ditt team sitt nivå og arbeidskvardag. Kan haldast digitalt eller på staden hos dykk.

Populære kurs akkurat no:

Føredrag og presentasjonar

Engasjerande og oppdaterte føredrag om kunstig intelligens, digital kompetanse og teknologiutvikling – for konferansar, personalsamlingar og fagdagar. Tilpassa di målgruppe og relevante for norsk arbeidsliv.

Rådgjeving

Treng du hjelp til å velje riktige digitale verktøy, planlegge innføring av ny teknologi eller forstå korleis KI kan brukast i din organisasjon? Eg tilbyr råd og rettleiing basert på mange års erfaring frå digital opplæring og konsulentarbeid.

Om Digitanse og Hallvard Hatlestad

Eg har jobba med digital opplæring og kommunikasjon i mange år, og brenner for å gjere teknologi forståeleg og tilgjengeleg for alle. Anten du er nybyrjar eller erfaren brukar – eg møter deg der du er.

Digitanse held til i Noreg og leverer tenester over heile landet, både fysisk og digitalt.

Ta kontakt

Lurer du på kva eg kan gjere for deg og din organisasjon? Ta kontakt for ein uforpliktande prat.

E-post: hallvard@digitanse.no