+47 90 11 82 70 hallvard@digitanse.no

Kurstypar og prisar

Digitanse · Prisar

Kurstypar og prisar

Same fagstoff i ulike storleikar. Alle prisar gjeld per gruppe, ikkje per person, og er utan meirverdiavgift.

Tilrådd gruppestorleik er 4–8 deltakarar. Med 8 deltakarar kostar eit dagskurs 1 000 kr per person.

Halvdagskurs

3 timar

5 000 krper gruppe eks. mva

Passar som oppstart, oppfriskning eller som innslag på ein fagdag. Kan veljast på alle dagskurs.

Sjå kursa

Dagskurs

6 timar · standard

8 000 krper gruppe eks. mva · 1 000 kr per person ved 8

Standardformatet. Gjev tid til både gjennomgang og praktiske oppgåver med dykkar eigne filer og system.

Sjå kursa

Todagarskurs

12 timar over to dagar

14 000 krper gruppe eks. mva · 1 dag som opsjon: 8 000 kr

For fagtunge emne som Power BI, Copilot Studio, Power Query og superbrukarprogrammet.

Sjå todagarskursa

Kursløp

4–12 samlingar over eitt år

15 % rabattfrå 25 500 kr per gruppe for heile året

Faste samlingar månadleg, annakvar månad eller kvart kvartal. Gjev samla kompetanse og føreseieleg kostnad.

Sjå kursløpa

Samanlikning

KurstypeLengdPris per gruppePer person ved 8Passar for
Halvdagskurs3 timar5 000 kr625 krOppstart og oppfriskning
Dagskurs6 timar8 000 kr1 000 krDei fleste kurs
Todagarskurs12 timar14 000 kr1 750 krFagtunge emne
Todagarskurs, 1 dag6 timar8 000 kr1 000 krUtval av innhaldet
Kursløp4–12 samlingar25 500–56 100 krVariererKompetanse over tid

Andre format

Pris blir avtalt for kvart oppdrag.

Superbrukarprogram

2 dagar + oppfølging

Nøkkelpersonar lærer opp kollegaer. Færre kursdagar, varig effekt.

Lunsj-og-lær

45 minutt digitalt

Korte tema som «Copilot i Outlook» eller «Fem Excel-triks».

Behovsworkshop

Halv eller heil dag

Kartlegging før opplæring, med konkret plan som resultat.

Føredrag

30–60 minutt

Til konferansar, personalsamlingar og fagdagar.

Rådgjeving

Etter avtale

Val av verktøy, innføring og trygg bruk av KI. Les meir

Spørsmål og svar

Gjeld prisen per person eller per gruppe?

Prisen gjeld per gruppe. Tilrådd gruppestorleik er 4–8 deltakarar, men det kan tilpassast.

Kan kurset haldast digitalt?

Ja. Alle kurs kan haldast digitalt via Teams eller Zoom, eller fysisk hos dykk.

Kan innhaldet tilpassast?

Ja. Kursa blir tilpassa dykkar system, rutinar og nivå, og kan bruke eksempel frå dykkar eigen bransje.

Kva er skilnaden på todagarskurs og 1 dag som opsjon?

Todagarskurset dekkjer heile innhaldet. Vel de 1 dag, avtaler vi kva delar som er viktigast for dykk.

Be om tilbod